Karl Seglems nyhetsbrev

Takk for varm mottaking av mi tredje diktsamling Kvervel. Poesikonsertane var særs vellukka og mange kjøpte boka. Den er framleis å få kjøpt – med dedikasjon. Send bestilling hit (klikk!) Du kan bla i boka her (klikk!). Det ligg også ein video ute her, der eg les eit dikt (klikk!)

Neste konsert blir med min eminente trio + Berit Opheim. Eg gler meg veldig til konsert i Naturhuset i Utladalen, eller utanfor. Konsert 4.juli kl. 15.00. Opent for publikum og med over 20 gjester, journalistar, media m.meir frå utlandet som er på veg til fine Førdefestivalen. Dei får ein smakebit av Utladalen – Norge, musikken og kulturen før det. Vi set saman eit konsertprogram som inneheld trad.-stoff, Grieg-stoff og Seglem-stoff. Edvard Grieg reiste som kjent inn i Jotunheimen via Utladalen fleire gonger, med eigen kløvhest for portvintønne. Han og hans gode ven Frantz Beyer. Say no more.

Sommaren min går med til å øva og komponere ny musikk. I hovudsak ferdigstilling av bestillingsverk til Nynorske Litteraturdagar i Aurland/Flåm med tittelen Verdsarv. Urframføring 20.oktober. Ny musikk, nye møter –

I september lanserer Karl Seglem & Christoph Stiefel Group 2CD: Monsterjazz og Hopp (and smile) på det nederlandske plateselskapet New Arts/Challenge. Vi skal turnere i september. Sjekk vår promo-video her (klikk!), og send booking-førespurnad hit (klikk!) Vi har ledige datoar i september mellom konsertar i Zurich og Oslo.

Førebels vil eg ikkje røpa for mykje om det nye albumet som kjem på NORCD i november, anna enn at det er noko eg har arbeida med i over 3 år. Meir info i neste skriv (juni). Ynskjer alle strålande mai-dagar. Iår hoppa vi over våren og gjekk rett på sommar. Heilt greit, dersom det ikkje viser seg at sommaren no bli haust, og så har vi det gåande……

 

 

Publisert i Musikk

Informasjon

Velkommen til nettsidene til Kunstnerforeningen. Guri Heinonen er nettredaktør. Klikk Kontakt oss i menyen over ved henvendelser. Bildet på forsiden er et foto av Per Krohgs maleri på Grand Café, som vi har fått tillatelse til å bruke.

Arkiv