Karl Seglem med ny singel – «Polarnatt»

Godtfolk
Instrumentalmusikk. Singel. Ein melodiøs komposisjon på 3:34 som eg håpar du vil ha på spelelista di og lytta mykje på. Lagra og dela må du gjerne ! Polarnatt er henta frå mitt nye album som blir lansert på cd og vinyl 26.10.2018, og som kjem digitalt 9.11.2018. Den vart slept fri fredag, er med på fleire radiolister og Spotify-liste, og eg kan ikkje hugsa å ha fått så fin respons på lenge –

I botn er Polarnatt inspirert av godaste Kari Bremnes. Om du vil foreslå, kjenner ein låt av henne som du trur kan ha inspirert meg til å skriva Polarnatt, sender du meg ein e-post (klikk!) Den som gjettar riktig får tilsendt ein liten eksklusiv promoCD-smakebit frå det nye albumet Nunatak (2 låtar og 1 video). Eg brenn som kjent for instrumental-musikk, men er i dette tilfellet inspirert av musikk med tekst. Kari Bremnes er ein bauta i norsk musikk, og er har den djupaste respekt for kunstnarskapet og produksjonen hennar. Rett og slett svært inspirerande – Takkar også medmusikantar og medprodusent lydmagikar Reidar Skår.

Publisert i Musikk

Informasjon

Velkommen til nettsidene til Kunstnerforeningen. Guri Heinonen er nettredaktør. Klikk Kontakt oss i menyen over ved henvendelser. Bildet på forsiden er et foto av Per Krohgs maleri på Grand Café, som vi har fått tillatelse til å bruke.

Arkiv