Karl Seglem med nytt instrument!

LYTT PÅ THE OXOFON

Gode folk –

Det må karakteriserast som forholdsvis STORT at eg har verdspremiere på eit nylaga instrument? Oxofonen ser jo også ganske rå ut, spør du meg. Den er laga saman med den unike instrumentmakaren Magnar Storbækken. Han utøver ganske unikt instrumentmakar-arbeid på bukkehorn, fløyter og lurar. Som ein av svært få i verda. Moro at han tok utfordringa når eg kom drassande med eit svært tysk oksehorn!

Om instrumentet – og komposisjonen «The Oxofon»
Eg visste at det ville bli eit instrument med svært få tonale muligheitar og med eit avgrensa omfang, men eg vågar og eg tek sjansar: Eg sette mitt gode tenorsax-munnstykke på hornet, starta opptaket og spelte! Nokså rett på sak. Skapte så atmosfæren, rytmen og klangane rundt. Fekk hjelp av Reidar Skår i sluttfasen. Lyden kan karakteriserast som noko mellom sopransax og altsax – men sprøare og mjukare, sidan hornet er av bein og ikkje metall. Eg gledar meg veldig til å bli betre kjent med Oxofonen i framtida, og å skapa meir musikk på den. Heilt klart i ein eigen sjanger!

I morgon kveld – 25.mai, spelar eg konsert i Langes Haus, Stiftung Nantesbuch (DE), der eg fekk hornet. Mitt eminente band med Håkon Høgemo, Kåre Opheim, Hallvard Gaardløs og Andreas Stensland Løwe er på plass. Konserten er utseld. Du kan høyra meg live i Noreg på kommande konsertar, til dømes på Førdefestivalen, Klangfestivalen, Kongsbergjazzen, Oslojazzen – og til hausten på den mest Nasjonale Jazzscene i hovudstaden Oslo (21.9) Billettar finst. Velkommen.

Sjekk spelelista «This is Karl Seglem» på Spotify. Har du vener du trur vil lika mine nyhendebrev, så vidaresend! Dei kan registrere seg på mi heimeside. Den blir oppdatert med konsertdatoar, nyhendingar og anna. Send meg ein epost om du vil bestilla cdar, vinyl, diktsamlingar eller bilde. Sist men ikkje minst – for booking: Kontakt oss på epost-adressene nedst i dette brevet.

Singelen «The Oxofon» er ute – klikk! Følg meg på Spotify, del spelelister, merk meg, musikken

Publisert i Musikk

Informasjon

Velkommen til nettsidene til Kunstnerforeningen. Guri Heinonen er nettredaktør. Klikk Kontakt oss i menyen over ved henvendelser. Bildet på forsiden er et foto av Per Krohgs maleri på Grand Café, som vi har fått tillatelse til å bruke.

Arkiv