Karl Seglem med stor suksess med sin nye CD «Nunatak.

 

 

 

 

 

 

 

Gode folk

Eg er i ferd med å landa etter ei spelferd eg vil kalla eventyrleg. Saman med eit suverent band drog eg 12 konsertar i Norge og Tyskland i november, etter å ha motteke strålande tilbakemeldingar på det nye albumet Nunatak. Solid opptur. Overveldande. Vi hausta også nokre fantastiske konsertkritikkar i Tyskland, og fleire av konsertane var utsolgt. Takk til alle som kom på konsertane, som kjøpte vinyl og cd og til alle som har begynt å følga meg på Spotify. Vi er igang med booking for 2019 og 2020. Dersom du gjerne vil høyra lyden av Nunatak-bandet på ei scene nær deg, ikkje nøl med å ta kontakt. Første lansering av stadfesta konsertdatoar 2019 kjem 18. desember. Sjølv om du no kan høyra songane på albumet via strøymetjenestar framsnakkar eg fysisk format, ikkje minst fordi lyden er betre, men også fordi eg har laga ulike variantar av songane og redigert digitalversjonane. Eksklusivt på iTunes ligg heile albumet som 1 spor – identisk med cd´en som har nesten 60 minutt med musikk. Eg jobbar med å finna ein plattform der eg kan legga ut høgkvalitet-lyd 24 bit.

Nunatak på Spotify – digitalt album
Nunatak (full story) på iTunes/Apple – heile cd-versjon og eksklusiv booklet

Det viktigaste i dette brevet kjem no: LAURDAG 15.desember frå klokka 13. til klokka 15., opnar eg opp mitt studio/kontor midt i Oslo sentrum. Eg byr på advent-snacks og gjev gode tilbod på det eg har skapt/produsert/gitt ut for salg: CD, VINYL, BØKER, – og bilder. I tillegg finst mange av dei tidlegare utgjevingane mine som eg gjev gode tilbod på. Er du interessert i gåver som ikkje er heilt A4 – ta ein tur! Eg tek bankkort og Vipps. Dette skjer i Kongens gate 16, Oslo  – 7 etasje – NORCD. Oppretta arrangement på FB – her (klikk!)

Eg satsar også på ein signeringstime på Big Dipper før jul. Mulig bukkehorn-spel kan oppstå. Kjem attende til dato. Her er også ei lenkje til bilder knytt til Nunatak-utgjevinga. Dei er for salg 15.12. til musikken (Sjøvaag og Bringslimark) klikk !
Konsertvideoen «Rindabotn» klikk!
Les Aftenposten som trillar 6 ! klikk!
Les denne: 6 på terningen frå Trond Erikson klikk!

 

Publisert i Musikk

Informasjon

Velkommen til nettsidene til Kunstnerforeningen. Guri Heinonen er nettredaktør. Klikk Kontakt oss i menyen over ved henvendelser. Bildet på forsiden er et foto av Per Krohgs maleri på Grand Café, som vi har fått tillatelse til å bruke.

Arkiv