Karl Seglem med suksess på Vossa Jazz og JazzAhead. Ser mot 2020.

Etter Vossa Jazz og 6 hjarte i BT var eg del av Norwegian Night på den store jazzmønstringa JazzAhead i Bremen. Der fyrte vi av eit kort og energisk sett, og det var ei stor oppleving å stå på scena for eit fullsatt Schlachthof – 800 intenst lyttande publikumarar. Fekk upåklageleg respons, og det gjev djup meining å motta så mange lovord og positive tilbakemeldingar. Vi håpar det betyr at vi la eit godt grunnlag i å nå lenger ut og kjem til å jobba intenst mot 2020 og 2021 det kommande halvåret. Takkar mitt suverene band, Anders Førde Midtbø og Artist Vision for backing og hjelp og Jone Malmin som skal ta hand om booking hovudsakleg i Tyskland. Takk også til Norsk Jazzforum og Music Norway m.fl. sin innsats for eit samla norsk jazzmiljø på JazzAhead. Du kan sjå konserten her: https://www.facebook.com/musiciankarlseglem/videos/805046389867388/

Eg har spennande prosjekt på gang, og ser fram til kommande konsertar. Både Jazzfest, Førdefestivalen, Klangfestivalen, Kongsbergjazzen, Oslojazzen står på trappene. Dei to sistnemde med Monsterjazz.

Det kan karakteriserast som “ganske stort” at eg snart har verdspremiere på eit nylaga instrument som har fått namnet The Oxofon. Laga saman med sjølvaste Magnar Storbækken. Singelen “The Oxofon” blir slept 24.mai. Følg med! Atmosfærisk ambient film-musikk med ny hornlyd?

Sjekk spelelista “This is Karl Seglem” på Spotify. Har du vener som du trur vil lika nyhendebrev om mitt arbeid og musikken min så kan dei registrere seg på mi heimeside. Den blir oppdatert med konsertdatoar, nyhendingar og anna. Send meg ein epost om du vil bestilla cds, vinyl, diktsamlingar eller bilder.
Sist men ikkje minst – for booking: Kontakt oss på epost-adressene i dette brev – om KONSERTAR. Opne datoar hausten 2019.

Følg meg på Spotify, del spelelister – musikken.

 

Publisert i Musikk

Informasjon

Velkommen til nettsidene til Kunstnerforeningen. Guri Heinonen er nettredaktør. Klikk Kontakt oss i menyen over ved henvendelser. Bildet på forsiden er et foto av Per Krohgs maleri på Grand Café, som vi har fått tillatelse til å bruke.

Arkiv