NY LYD – KARL SEGLEM NUNATAK

Gode folk

Då er oppfølgar-albumet til Som spor (Tingingsverk Vossa Jazz, Årets verk NOPA 2012) ute. Det er basert på eit konsertopptak gjort på Riksscenen i Oslo, samt nokre nye komposisjonar. Utgjevinga inneheld omlag ei times lang forteljing (Eine Erzählung) på cd, i eit karakteristisk kraftfullt musikalsk landskap utvikla gjennom mange år. Mitt plateselskap NORCD er utgjevar og albumet blir distribuert av Musikkoperatørene og Galileo. Eg framsnakkar fysisk format: Bestill den lekre vinylen (180 gr) her: Big DipperSignert. Bestilling av cd gjer du her – klikk ! I tillegg kan du også kjøpa frontbilder (Sjøvaag)  og bilder skapt til musikken (Bringslimark) klikk ! Digital lansering er 9.11.18. Over 40 nye Seglem-minutt på Spotify  (følg meg – klikk !) Eksklusivt på iTunes/apple kjem heile CD´en ut som 1 spor. Desse spelfolk gjer det muleg:
Karl Seglem, ten.sax, bukkehorn, stemme
Håkon Høgemo, hardingfele
Sigrid Moldestad, hardingfele, vokal
Andreas Ulvo, piano, synths
Lars Jakob Rudjord, orgel, rhodes, synths
Sigurd Hole, bass
Kåre Opheim, trommer

Eg gler meg til å gjera 13 konsertar i Norge og Tyskland. Detaljert turneliste finn du på mine artistsider på Fjesbok. Eg har sjølvsagt med cd´ar og vinyl på spelferd. Konsertvideoen «Rindabotn»  må du gjerne ta ein titt på som oppvarming til konsert. Billettar er å finna på alle konsertane.
Albumet får fantastisk kritikk: 6 på terningen frå Trond Erikson klikk !

Publisert i Musikk

Informasjon

Velkommen til nettsidene til Kunstnerforeningen. Guri Heinonen er nettredaktør. Klikk Kontakt oss i menyen over ved henvendelser. Bildet på forsiden er et foto av Per Krohgs maleri på Grand Café, som vi har fått tillatelse til å bruke.

Arkiv