Odd Johan Fritzøe med ny danseforestilling

Foto Svein Ove Kirkhorn

Premiere «Sankthansnatt på Inderøen» på Hilmarfestivalen Steinkjer 10. november 2018 kl. 19.00. Turné Olavshallen 11. nov, Stjørdal 12. nov, Namsos 16. nov, Ål 19. nov og Riksscenen Oslo 21. november.
Vedlagt en artikkel som Robert Øfsti har skrevet om forestillingen. Han er barnebarn av maleren Einar Øfsti – og forestillingen bruker hans maleri «Sancthansnat» fra 1901 som scenografi i stort format. Musikk av og med felespilleren Gjermund Larsen sammen med danserne Elisabeth Holth, Alexsander Aarø, Severin Romer og Guro Gulstad. Produsert av Dans i Trøndelag og Turnéteateret i Trøndelag.

SANKTHANSNATT PÅ INDERØEN

– Eg har berre opplevd ei einaste sankthansnatt på Inderøya, seier koreografen Odd Johan Fritzøe, då regna det heile tida. Det var mørkt og overskya og langt fra særleg romantisk. Men likevel vakkert. Odd Johan er ansvarleg for årets urpremiere under Hilmarfestivalen, ei danseførstilling som nettopp har tittelen «Sankthansnatt på Inderøen», etter det kjende maleriet av inderøykunstnaren Einar Øfsti.

Då Øfsti døydde i juni 1906, hadde han ikkje hatt ei einaste separatutstilling. Men det vart arrangert ein minneutstilling same år, og Nasjonalgalleriet sikra seg straks det store maleriet «Sancthansnat på Inderøen» malt i 1902. Kunstnaren rekna dette for sitt hovudverk. Maleriet viser fire unge kvinner og ei lita jente lange sin bygdaveg i solnedgangen. I førestillinga er det to kvinnelege og to mannlege dansarar, så det er ikkje snakk om noko attfortelling av maleriet. Dansarane Elisabeth Christine Holth, Guro Gulstad, Severin Romer Iversen og Aleksander Aarø set ei stemning med bekymringslaus og festglad ungdom på sankthansfeiring. Det blir både leik, tull og tøys, samtidig som uttrykka til kvinneskikkelsane på bildet også opner for alvor. Og den lette steminga og somarfesten får ei brå vending når det dukkar opp ein svart bjørn. Her er det altså mange element av tradisjonskultur som vev seg inn i kvarandre, folkemusikk og folkedans, myter segn og folkeeventyr. Uttrykket er abstrakt slik at publikum kan tolke handlingen og dramturgien ulikt.

-Er malaren sjølv med i dansen? – Det er mange skikkelsar som dukkar opp i førestillinga, seier Odd Johan, -nokre har ein mytisk karakter fra den rike historia på Inderøy, andre skikkelsar er knytta til eventyr og sagn, mens andre igjen nok kan tolkast som malaren sjølv.

Einar Øfsti var fødd på Inderøya i 1862, og det var hit han ville vende heim kvar sommar som fullvaksen kunstnar. Frå omkring 1890 malte han kvar sommar sine viktigaste verk med motiv herifrå, store landskapsmaleri fylt av ein på mange måtar religiøs naturstemning.

-Eg såg ikkje «Sancthansnat» før i 2014, seier Odd Johan Fritzøe. – Men historia til førstillinga starta eigentleg så tidleg som i 1992. Da gjesta eg Inderøy med Collage Dansekompani og danseførestillinga «Et sætera» med vår eminente folkesangar Agnes Buen Garnås på scenen. Heilt sia den gangen har bildet av av det rike kulturlivet og det vakre landskapet vore på netthinna. I 2009 hadde eg tatt opp att eit gamalt profesjonelt samarbeid med Anna Hegdahl og hennar Dans i Trøndelag, og eg fekk turnere på Innherad med to av mine tidlegare verk. Dette førde til fleire opphald her, og vi bynte å snakke om produsere ei førestilling saman. Eg har samarbeidd tett med bildekunstnar Karl Hansen i mine verk i tretti år, så eg kjenner godt til hans kolleger i norsk malerihistorie. I mi kunstverd føyer mange inntrykk, tankar og opplevingar seg saman til ein idé om ei scenisk framstilling. Lik ein møysommeleg disseksjon av ein drøm. Og da Anna viste meg maleria til han som kunstnerisk hadde oppdaga dette landskapet for vel 100 år sia, fall ting på plass: «Dette er det uttrykket som skal inn i scenerommet og bli bakgrunn og inspirasjon til scenisk leik», tenkte eg.

-Så oppsøkte eg Nasjonalgalleriet saman med teatermalarane Turid Ousland og Joost Van Vliet og fekk sjå originalen i magasinet. Og dei to mala det store bakteppet som gir att maleriet nokså presist. Det ligg ein eigen verdi i dette med eit over hundre år gamalt maleri, som har si eiga historie og som ligg i bakgrunnen og spelar med på sitt vis.

Musikken er det Gjermund Larsen som står for. Han står sjølv på scena med fela si, men det er også eit på førehand innspelt lydspor der Andreas Utnem (trøorgel/flygel) og Tor Haugerud (perkusjon) spelar med. – Musikken vil være ei god blanding av tradisjonell musikk frå Innherrad blant anna med slåttar etter Hilmar Alexandersen, kombinert med eigenkomponert musikk, seier Gjermund.

«Sankthansnatt på Inderøen» er produsert av Hilmarfestivalen i lag med Dans i Trøndelag og Turneteateret i Trøndelag, og har altså urpremiere under årets Hilmarfestival. Hilmarfestivalens kunstprogram, HilmArt, har også ei utstilling med verk av Einar Øfsti i tilknytting til førestillinga.

-Originalbildet fekk vi ikkje låne, men i Hegdahlgården viser vi skisser og forarbeid, og dessutan nokre av Einar Øfstis eventyrtegningar, seier Anne Mette Hegdahl, ledar for HilmArts programråd. Det blir også ein forteljarkveld med kunstnaren sitt barnebarn Sara Birgitte Øfsti, som er profesjonell forteljar, og som tek utgangspunkt i nokre av dei eventyra oldefaren illustrerte. Dei er samla av Karl Braset i «Gamalt paa Sparbumaal».

Publisert i Film- og scenekunst

Informasjon

Velkommen til nettsidene til Kunstnerforeningen. Guri Heinonen er nettredaktør. Klikk Kontakt oss i menyen over ved henvendelser. Bildet på forsiden er et foto av Per Krohgs maleri på Grand Café, som vi har fått tillatelse til å bruke.

Arkiv