Sensommernytt fra Karl Seglem

Godtfolk
Wow til Førdefestivalen 2019! Takk til eit fantastisk publikum. Portrettet her vart teke av Andreas Eikeseth Nygjerd i samband med festivalutstilling. I festivalprogrammet stod også dette intervjuet om kraft og kjelder, som kan lesast!Eg er igang i seinsommaren og favorittmånaden august. Først ut er markering av kystkultur.no som blir arrangert på magiske Gulating ved Eivindvik i favorittfylket 😉 Det skjer laurdag 10.august. Turen går derifrå direkte til Trama festival i Spania og akustisk konsert med trio. Helga etter er det igjen Klangfestival. Opningskonserten har namnet Nye nord. Og som avslutningskonsert søndag 18.august, skal eg få spelt Draumkvedet igjen med Berit Opheim og Kåre Nordstoga. Kom til Vågøy kyrkje. Innimellom der blir det Monsterjazz på Oslo Jazzfestival 17.8. Jazzleik for barn frå 5 til 100 år – og supertegnar Gunvor Rasmussen spelar med oss med akvarellmonster på papir. Der og då, Nasjonal Jazzscene.

Arbeidet med 4 spors digital EP (kun digitalt) – som ein start på og ørliten smakebit av nytt album som er planlagd utgjeven hausten 2020, er igang. Recycling Nunatak vil innehalda nyinnspelte versjonar av tidlegare komposisjonar henta både frå Nunatak og andre album. I lys av tematikken frå Nunatak har eg skrive ein klimatekst til låten Polarnatt som vi gler oss til å dela. Den blir sunge av sjølvaste finaste Sigrid Moldestad. Lansering i september 2019 i samband med konsert med septetten på Nasjonal Jazzscene 21.9. Kjøp billett! Hausten byr ellers på konsertar i Tyskland og Norge i tillegg til lengre studio-opphald for nyinnspeling med min eminente septett og inviterte gjester. Oppdaterte turneplanar kjem på heimeside og fjesbok – følg med! Du kan få med deg heile Nunatak-albumet i ei reise. Legg deg i augusthengekøya og klikk under! Vil nokon av dine vener sjekke ut musikken min så tilrå dei til det, og å tegna seg på nyhendelista mi. God august!

Publisert i Musikk

Informasjon

Velkommen til nettsidene til Kunstnerforeningen. Guri Heinonen er nettredaktør. Klikk Kontakt oss i menyen over ved henvendelser. Bildet på forsiden er et foto av Per Krohgs maleri på Grand Café, som vi har fått tillatelse til å bruke.

Arkiv