2025 AMERIKABREVA – tekst og regi av LENE THERESE TEIGEN har urpremiere på Teater Vestland i Førde 27.september

AMERIKABREVA av Lene Therese Teigen

Ein koffert. Nokre gamle brev. Ei røyst som byrjar å fortelje.

AMERIKABREVA startar som eit foredrag om unge kvinner som reiste frå Noreg til Amerika rundt 1900. Men når ein Amerikakoffert plutseleg dukkar opp, vert forteljinga meir personleg. Oda sine eigne slektsminne om to systrer frå Dale som reiste til Chicago viklar seg saman med historia om dei mange kvinnene som kryssa havet. Dei som med mot, lengt og draumar skreiv seg inn i norsk utvandringshistorie. Med dette utgongspunktet speglar framsyninga òg vår eiga tid, der menneske framleis må bryte opp og søkje nye heimar.

Amerikabreva er produsert på bestilling frå Vestland Fylkeskommune i forbindelse med Utvandrarjubileet 2025.

Forestillinga turnerer hausten 2025 i DKS/DKSS Vestland Fylke. På nyåret blir det opne framsyningar fleire stader i Noreg.

KUNSTNARLEG LAG

Scenetekst, regi og visuell design: Lene Therese Teigen
Medskapande skodespelar og produsent: Oda Alisøy
Komponist/lyddesignar, arrangør, musikar og utøvar: Kjetil Alisøy Søvig
Med på mobil frå Chicago: Rene Fulton
Rekvisitør: Ada Hesjevoll

Produksjon: Aldeles Alisøy
Produsert i samarbeid med Teater Vestland. Produsert med økonomiske bidrag frå Vestland Fylkeskommune, Stiftelsen Fritt Ord, Fond for Frilansere og frå kunstnarane. Takk til Oslo Teatersenter, Preform og Eldbjørg-akademiet.

Lenke til Teater Vestland HER