Close

"Ingenting av meg" – Arne Lygre på Det norske teatret.

PortrettPoetisk og visuelt om kjærleiksband og identitet.
«Poetiske refleksjoner» Terningkast 5, VG
«Lygres sceniske tekstverden har et særpreg som fanger», Dagbladet
«Skjønnhetsopplevelse», Vårt Land
Ei kvinne og ein mann har treft kvarandre på byen. Ho forlet mann og barn for å vere saman med den nye – og yngre mannen. Dei prøver å byrje på nytt, bli eit par utan fortid, dreg på romantiske reiser, finn på nye og spennande ting. Men fortida og einsemda innhentar dei. Dei når ikkje heilt inn til kvarandre. Dei klarer ikkje å flykte frå den dei er og livet dei har levd. Arne Lygres tekst kastar frå ulike vinklar lys på korleis vi prøver å konstruere oss sjølve. Han lar historier og personar frå fortida dukke opp, og det som byrjar som ei romantisk forteljing liknar meir og meir på eit mareritt.
Ein av våre største samtidsdramatikarar
Arne Lygre er den mest spelte nolevande norske dramatikaren nest etter Jon Fosse, i alle fall utanfor landets grenser. Stykket har hausta flotte kritikkar etter urpremieren i Sverige, mellom anna i The Guardian. Lygre er ein språkleg perfeksjonist, kjent for sine særeigne formgrep og skiftande forteljarperspektiv. Gjennom heile forfattarskapen har han forska i teamet identitet i endring.
Stykket spilles til 21. oktober for mer info klikk  her 
Les denne kritikken http://www.scenekunst.no/pub/scenekunst/main/?aid=5947