Ragnar Dyresen med "Prøysens perler" på Norske Teater

main_Proeysen1[1]Prøysens perler
Ragnar Dyresen formidlar sin livslange kjærleik til Alf Prøysen.
Skodespelar Ragnar Dyresen tek oss med på ei reise gjennom Prøysens dikting og liv. I Prøysens perler får vi høyre både kjende og meir ukjende viser, stubbar og dikt – levande tolka av ein skodespelar som sjølv er vakse opp på breibygdene på Hedemarken. Varme, humor, sarkasme og kraft pregar denne timelange vandringa i Alf Prøysens rike og mangfaldige forfattarskap. Med seg på trekkspel har han Espen Leite.
For mer informasjon kikk her