Close

Jon Bara Johansen – konsert i Leipzig 29 juni med verk av Grieg, Svendsen og Wagner

imagesCAH7Q395Konsert  med ungdomsverker av Edvard Grieg og Johan Svendsen i forbindelse med Edvard Griegs 170 års dag.  Peterskirche i Leipzig, kl 19.30
Medvirkende; Residenz Orchester Berlin (unge profilerte musikere fra Universität der Künste i Berlin). Dirigent; Jon Bara Johansen
Program:                                                                                                                                        Edvard Grieg; Symfoni i c-moll (uten opustall) ”den forbudte symfoni”.                                   Richard Wagner Siegfried –Idyll  (W.W.V. nr. 103)                                                           Johan Svendsen Symfoni nr 1. i D-Dur op. 4.
Arrangør; Grieg-Begegnungsstätte Leipzig
Dramaturgisk konsept; Musikkvitenskapelig institutt, universitetet  i Leipzig.
Konserten understøttes økonomisk av;                                                                        Den Kgl.norske ambassade Berlin, Den tysk-norske Willy Brandt Stiftelsen, Leipzigs kulturministerium.
Litt om den dramaturgiske idé for konserten                                                                    Edvard Grieg og Johan Svendsen hører begge til det berømte Leipzig-konservatoriets mest profilerte studenter. Grieg studerte der i årene 1858-1862, Svendsen fra 1863-1867.  Edvard Griegs Symfoni i c-moll -, ”den forbudte  symfoni”, og Johan  Svendsens første Symfoni, er  begge et resultat av studiene i Leipzig. Griegs symfoni er skrevet i København året etter han fullførte studiene i Leipzig (1863-64) og Svendsens symfoni er skrevet under avslutningen av studiene i Leipzig 1867.
Etter at Grieg hadde hørt Svendsens symfoni, trakk han sitt verk tilbake og skrev på partituret; ”Må aldri oppføres” – han følte at Svendsens verk var så mye bedre. Griegs ungdomssymfoni ble glemt inntil den russiske dirigenten Vitaly Katajev fremførte den i 1980 med Moskva Radiosymfoniorkester.
Oppførelse av begge symfonier på en konsert er sannsynligvis aldri blitt gjort før, og for Leipzigs konsertpublikum vil det bli meget interessant. Som en tributt til Leipzigs store komponist Richard Wagner, vil hans verk  ”Siegfried Idyll” også  stå på programmet. Det er 200 år siden Wagners fødsel 22. mai i år. Med Wagner er det en link til Johan Svendsen, som i sine 25 år som sjefdirigent ved Det Kongelige Teater i København ble regnet som en av sin tids store Wagner-dirigenter. Svendsen hadde også nær kontakt med Wagner privat.
imagesCATLRR4FJohan Svendsen ble i 1873 opptatt som medlem av Kunstnerfoeningen.  I 1874 ble han, som 34 åring, valgt til formann. Hans inspirerte orkesterverk ”norsk Kunstnerkarneval” er skrevet i 1874  til Kunstnerforeningens karneval.
Musikkjournalisten Sjur Haga Bringeland som for tiden bor i  Leipzig har skrevet et interessant programessay til konserten.
“Ikkje norsk nok”
I den symfoniske verda var han lenge ein forboden by: Edvards Griegs Symfoni i c-moll, det einaste verket hans i denne sjangeren, låg i 113 år bak stengde dører i Bergen Offentlege Bibliotek. Partituravskrifter av vitskaplege grunnar var tillete, men ei konsertframføring kom ikkje på tale. For på dekkbladet hadde Grieg skrive: “Må aldrig opføres. E.G. ”
Resepsjonshistoria til symfonien kallar fram eit grunnleggjande spørsmål: Kor mykje makt over eige verk skal me tilskriva døde komponistar?
I dag er det absurd å tenkja at eit musikkverk så lenge og så konsekvent kan bli vakta som ein statsløyndom av det offentlege. Det perfekte høvet for ei moderne gjenoppføring baud året 1978, den gongen Grieghallen i Bergen skulle opnast. Men nei, vaktarane på Bergen Offentlege (sic) Bibliotek var ikkje å rikka. Denne staheita straffa seg to år seinare, då partituret – med ein eim av kald krig og spionasje ­­– blei smugla til Moskva og framført “illegalt” der. Den overrumpla nasjonen Noreg måtte no framføra og spela inn verket i all hast, noko som hende i 1981.
Nølinga til nordmennene hadde fleire grunnar. Ein grunn var den moralske: ei overdriven ærefrykt i møte med viljen til den store meisteren. Men ein var faktisk òg redd at verket kunne skada omdømet til Grieg om det kom ut, at det skulle svekkja statusen til den vesle mannen som er så viktig for det store, norske sjølvbiletet. Dette kan sjåast på som eit symptom på den vedvarande nasjonale usikkerheita til den unge norske nasjonen, dette landet der det framleis er mogleg å føra ein offentleg debatt gjennom feire veker i alle media om kva som er typisk norsk og kva som ikkje er det.
Tradisjonen med å nedvurdera symfonien byrja med komponisten sjølv. Verket blei til etter oppfording frå dansken Niels Wilhelm Gade (1817-1890) i København i åra 1863 til 1864. Denne dirigenten for Gewandhausorkesteret i Leipzig meinte at Grieg berre kunne slå gjennom internasjonalt om han komponerte i store, symfoniske former. Full av entusiasme gav Grieg seg i kast med symfonisjangeren, og etter snaue to veker var fyrstesatsen ferdig. Så svann inspirasjonen, som så ofte hjå Grieg, og han trong eitt år til for å fullenda verket. Ikkje meir enn fem framføringar kom i stand – av dei berre to komplette med alle fire satsane ­– før han sette framføringsforbodet på det. Kvifor?
Grieg sleit heile livet med dei store formene, ein tendens me ser allereie i studietida i Leipzig. Då den fyrste symfonien til Johan Svendsen (1840-1911) kom ut, eit verk Grieg synte stor ovundring for i brev og avisartiklar, svann motet. Den ekstreme sjølvkritikken, som hjå Grieg ofte tok form av regelrett sjølvsensur, fekk overhand. (Me kan vera glade for at han ikkje brende opp partituret, slik han gjorde med fleire andre tidlege verk). I tillegg passa ikkje symfonien til det nye, nasjonale programmet Grieg gjorde til sitt manifest i København-tida, nemleg nyorienteringa mot den nordiske folkemusikken. Brevet som han sende til musikkforlaget C. F. Peters i Leipzig tjue år seinare, stadfester denne innstillinga. Han ville nemleg “ikkje for nokon pris gi ut partituret av symfonien no, sidan det i altfor høg grad høyrer til ein forlengst tilbakelagd Schumann-periode.”
Griegs nedvurdering av symfonien har overlevd han sjølv. I den moderne mottakinga møter me ofte argument som avslører at kritikarane ikkje vurderer verket i seg sjølv. Særleg i den norske kritikken treffer me på setningar som at “symfonien syner ikkje noko typisk for Grieg” (jf. Finn Benestad). Nedvurderinga av verket som “ikkje norsk nok” blir ikkje eksplisitt artikulert, men svingar her i bakgrunnen.
Vel me å frigjera oss frå slike projeksjonar, har me her med eit friskt og inspirert ungdomsverk å gjera som ikkje legg skjul på at det er vakse ut av Schumanns orkestersats og Mendelssohns melodiske bogar. Samstundes byr det absolutt på kjenneteikn som er typiske for det me seinare assosierer med Grieg.
Både opnings- og sluttsats er tydelege sonatesatsformer med epilogtema (coda). Den fyrste satsen (allegro molto) byrjar med hardtslåande orkesterklangar, før det livlege hovudtemaet til klarinettane og bratsjane slynger seg oppover. Tydelege kontrastar møter me både i sidetemaet, med sine djupe strykarar, og det elegiske epilogtemaet. Lyttar me nøye etter, blir me i denne satsen vare det seinare så berømte “Grieg-motivet” – ein fallande liten sekund og stor ters. Begge mellomsatsane kan forståast som miniatyrrondoar (A–B­–A–B–A), og spesielt tredjesatsen, eit resolutt og stilig intermezzo (allegro energico), demonstrerer korleis Grieg maktar å henta ut tutti-klangen frå orkesteret. I triodelen i denne satsen finn me òg eit tidleg døme på korleis Grieg dreg inn norsk folkemusikk i eit kunstmusikalsk verk, nemleg folkevisa Astri, mi Astri (jf. Bjarte Engeset).
Johan Svendsens Symfoni nr. 1 i D-dur – den som tok knekken på den symfoniske sjølvtilliten hjå Grieg – blei til i 1866, medan han framleis studerte i Leipzig. I fyrste satsen (molto allegro), som blei urframført i Gewandhaus same året, går Svendsen (slik som Grieg) rett på sak, med energiske trompetar og smålemma melodimotiv. Den fylgjande melodisk-alvorlege andanten, som endar i ein koralaktig hymne, syner Svendsens store kjærleik til treblåsarane, som her slynger seg fritt som eføy kring strykarane. Den muntre allegretto scherzando-satsen, som med dei to lette opptaktsslaga sine minner oss om ein gavotte, er laga med humor. Sjølv dei enklaste kunstgrepa har ein god effekt, til dømes den brå vekslinga mellom dur og moll. Hovudtemaet i finalen (maestoso – allegro assai con fuoco) grip attende til rytmane i fyrste satsen og endar i ein festleg affekt. Fire år etter Svendsens symfonidebut uroppførte Richard Wagner (1813-1883) sin Sigfried-Idyll i den landlege villaen sin i Tribschen ved Luzern. Dette symfoniske diktet er Wagners einaste bidrag til denne sjangeren, og var tenkt som gåve til kona Cosima til minne om sonen Siegfrieds fødsel. At musikken hans hadde påverknad på Grieg, det viser ikkje berre dei mange artiklane som Grieg seinare i livet skreiv om han: Då Grieg studerte i Leipzig, blei Wagner-operaen Tannhäuser urframført der. Grieg høyrde operaen heile fjorten gonger.
Av Sjur Haga Bringeland, musikar og musikkritikar i Dag og Tid, busett i Leipzig.

 © Sjur Haga Bringeland 2013