Close

Karl Seglem på spelferd i Norge, nytt album, og to julegåvetips

nordic-balmGode folk – Min akustiske kvartett har nyleg avslutta første turne i Japan. Responsen på vår folkjazz er overveldande og det blir allereie no jobba for ny turne neste haust der vi presenterer eit nytt album (Small in Japan) basert på video- og konsertopptak frå alle 7 konsertkveldane. Først står lansering av albumet Nordic Balm og spelferd i Norge for tur. Sleppdato i Skandinavia er 20. januar 2017. Konsertstader ser du nederst i dette nyhendebrevet og billettsalg startar før jul. Sjekk ruta og kjøp billett! Framleis opne datoar så kontakt oss gjerne på denne bookingadresse om interesse for konsert. Vidare finst mykje bakgrunnstoff på vår norskjazz side. Videoen med opningslåten på CD: Balsam (dedikert til min bror) er på YouTube: Nordic Balm Ta ein titt! Kvartetten presenterer melodiøs jazzfolk med ein poetisk norsk eigenart vi er ganske så åleine om å uttrykke. Sagt om Nordic Balm i tysk media:
– “Nordic Balm representerer eit nytt høgdepunkt i historia til denne kvartetten. Mellom nærast hymnisk nyting, elastisk fjøring og klarheit, blir resultatet ein vedunderleg balanse mellom kjærleik til melodilinjer på den eine sida og rom for improvisatorisk fridom på den andre”Jazzthetik (DE)
– “Medicine Music. For eit samspel, for ei gruppe, for ei plate!” fairaudio.de
På konsertane framfører vi i hovudsak musikk frå det nye albumet i tillegg til stoff frå Norskjazz (2009) og Nyesongar (2013). Vi kan lova ei sjeldan konsertoppleving. Vi, er jazzkvartett med Karl Seglem, tensax, bukkehorn, stemme, Andreas Ulvo, piano, Sigurd Hole, bass og Jonas H. Sjøvaag, trommer.
Og til dei som har lest heilt hit: Eg vil gjerne gjera stas på alle de som vil kjøpa plata i fysisk format. Om du er ein av dei, så kan du tinga plata HER OG NO (klikk for epost-ordre) og få den rett heim i posten før jul, signert og eventuelt julegåvededikert. CD kr. 170,- inkl. porto og/eller LP kr. 280,- inkl. porto. Du kan betale med PayPal til norcd@norcd.no, Vipps til 12540506874, evt. få tilsendt faktura. Eg sender innan max 3. dagar. Merk tydeleg ditt namn og di adresse + evt.tekst du vil eg skal skriva på. Eg ynskjer alle ei fin desember-ventetid så lenge.
Alt godt frå Karl Seglem  Manager Eivind Brydøy
Nordic Balm CD/LP blir lansert 20. januar 2017 NORCD & distribuert av Musikkoperatørene
nordic-balm2